Ser du noko som du trur er brannfarleg eller veit du om nokon som du trur bur brannfarleg? Da kan du fortelje oss om det her.
Døme kan vere:
- nokon bur i ein bustad som du er i tvil om er godkjend, t.d. ein garasje eller ein kjellar
- du har ein nabo som du trur ikkje kan passe på sin eigen branntryggleik
- du har ein mistanke om at nokon oppbevarer mykje brannfarleg stoff på eigedomen sin
- du er på kino, arrangement eller annan offentleg stad og opplever noko som er utrygt med omsyn til branntryggleik eller rømmingsvegar
Du treng ikkje fortelje oss kva du heiter, men det er fint for oss å kunne ta kontakt med deg dersom vi treng meir informasjon om forholdet.
Meldinga di til oss vil uansett bli behandla anonymt, og kontaktinformasjonen din blir ikkje delt med nokon.