For barnehage-barn.
Skjemaet skal alltid nyttast ved skade som skjer i barnehagen der ein må kontakte foreldre for evt vidare behandling.
Behandlingsutgifter hos lege er gratis for førskulebarn. Evt andre utgifter som kan oppstå kan evt dekkast av ordningar innanfor NAV. Kommunen har ulukkesforsikring i KLP . Forsikringa kan dekke meir enn behandlingsutgifter, sjå dokument: "Kollektiv ulykkesforsikring Barn i barnehage, SFO og elever i grunnskolen".
For skule-elevar:
Skader som medfører behandlingsutgifter skal meldast til NAV på dette skjemaet https://www.nav.no/soknader/nb/person/helse/yrkesskade/NAV%2013-10.01/brev
Behandlingsutgifter som ikkje vert dekt av NAV, kan bli dekt av forsikring i KLP. Forsikringa kan dekke meir enn behandlingsutgifter, sjå vedlagt dokument: "Kollektiv ulykkesforsikring . Barn i barnehage, SFO og elever i grunnskolen".
Skader som ikkje medfører behandlingsutgifter og dermed ikkje blir registrert på NAV sitt skjema, skal meldast på dette skjemaet.
VIKTIG!
Når du sender inn dette skjemaet, kjem det til postmottak/ arkivtenesta. Arkiv -tenesta registerer skademeldinga som utgåande brev på eleven si arkivmappe og sender dette til foreldre/føresette.