1. Søkjar
kan ikkje gå i det heile tatt eller har store vanskar med å bevege seg over
nokon lengde.
Gangevna og graden av forflytningshemminga skal dokumenterast
gjennom legeerklæringa. Saksbehandlar vil sjå på legeerklæringa i samanheng med
søkjarens eigen forklaring. Legen skal gjere ei sjølvstendig vurdering av
søkjarens forflyttingsevne. Legeerklæringa må vere oppdatert, slik at den gir
eit reelt bilete av gjeldande tilstand.
2. Søkjar
må ha særleg behov for parkeringslette på konkrete stader.
Behovet for
parkering må skildrast i søknadsskjemaet av søkjaren sjølv. Søkjar må skildre
dei utfordringane ein har ved parkering på dei konkrete stadene ein har
oppgitt. Dersom du
har særleg behov for parkering i andre kommunar, skal også dette skildrast.
Kommunen vurderer om søkjar vil oppnå parkeringslette på stadene søkjar har
angitt å ha behov for parkering ut frå den skildra forflyttingsevna.
Dersom det søkjast om parkeringsløyve som passasjer, må også eit tredje
vilkår vere oppfylt:
3. Søkjar
har behov for regelmessig hjelp av førar utanfor motorvogna.
Behovet for
regelmessig hjelp vurderast med grunnlag i legeerklæringa og søkjarens
forklaring. Det er berre dersom ein rørslehemma person ikkje kan etterlatast
åleine eller saman med andre medan føraren parkerer på ein ordinær plass at
dette vilkåret reknast som oppfylt.
Kommunen gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarens behov for
parkeringsløyve.
Parkeringsløyve er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning. Kostnader
knytt til bruk av motorvogn eller parkering vektleggast derfor ikkje ved
vurdering av søknaden. Det vektleggast heller ikkje om søkjar mottar støtte til
motorvogn, at ein har behov for gratis passering av bomring eller ønskje om
fritak for piggdekkavgift.
Kommunen har ansvar for korrekt behandling av personopplysningar som gis i
samband med søknad om parkeringsløyve for rørslehemma. Opplysningane som gis
skal berre nyttast til dette føremålet og vil arkiverast i samsvar med
arkivlova.
Ved innvilging av søknad vil nokre av opplysningane bli utlevert til Statens
vegvesen, som er ansvarleg for eit sentralt register over parkeringsløyve for
rørslehemma (HC-registeret).
Vedlegg til søknaden:
1. Legeerklæring
2. Passfoto
3. Kopi
av førarkort dersom ein søkjer løyve som førar
Kva kommune skal søknaden sendast til?
Søknaden skal sendast til kommunen du er busett i. Dersom du er busett ein
annan stad enn du er folkeregistrert bør du forklare valet av kommune i
søknaden, evt. i eige brev.
Dersom du er busett i Sande kommune sendast søknaden/vedlegga til:
Sande kommune
Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes