Rettleiing til søknad om dispensasjon
Søknad om dispensasjon vert handsama etter reglane i plan- og bygningslova kap.19.
Grunngjeving av dispensasjonssøknad:
• Søknad om dispensasjon skal grunngjevast jf. plan- og bygningslova § 19-1.
• Grunngjevinga skal vere knytt til relevante moment i høve kva paragraf det vert søkt om dispensasjon frå.
• Etter plan- og bygningslova § 19-2, kan dispensasjon berre gjevast dersom omsyna bak føresegna eller planen det
vert dispensert frå, omsyna i formålsparagrafen eller nasjonale og regionale interesser ikkje vert sett vesentleg til
side. Etter ei samla vurdering må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene.
• Det kan ikkje leggast vesentleg vekt på personlege, private eller økonomiske tilhøve ved vurdering av ein
dispensasjonssøknad.
• Dersom søknaden ikkje er grunngjeven, kan kommunen avvise søknaden.
Om søknaden:
• Søknaden skal innehalde all relevant informasjon for å vere fullstendig.
• Søknaden bør innehalde opplysningar om kjende allmenne og offentlege interesser slik som kulturminne og
naturmangfald.
• Søknaden bør innehalde relevant dokumentasjon om ev. naturfare.
• Når søknaden er fullstendig vurderer kommunen vidare saksgang. I ein del tilfelle vert søknad sendt på høyring til
aktuelle høyringsinstansar (fylkeskommunen, statsforvaltaren, Statens vegvesen, NVE mfl.).
Nyttige lenker:
Kartbasert veileder for reguleringsplan
ROS-skjema