Eig du ein næringseigedom? Då skal du bruke skjemaet til å sende inn dei opplysningane vi treng om
næringseigedomen for å berekne eigedomsskatten.
Eig du ein bustad eller annan eigedom som ikkje har bustadverdi frå Skatteetaten? Då vil
eigedomen din bli synfart. Du treng ikkje å vere med på synfaringa. Om du ikkje vil vere med på synfaringa, skal du ikkje fylle ut skjemaet. Men dersom du vil vere med på synfaringa, skal du fylle ut skjemaet.
Fastsetting av takst
Kommunestyret vedtok 9. desember 2025 å innføre eigedomsskatt i Sande frå og med 2026.
For bustadeigedomar har kommunestyret vedtat å bruke Skatteetaten sin bustadverdi (berekna marknadsverdi) som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten, jf. eigedomsskatelova § 8 C-1. Alle andre typar eigedomar, også bustadeigedomar utan tilgjengeleg bustadverdi frå Skatteetaten, må takserast ved utvendig synfaring.
Det er eigedomsskattelova § 8 A-2 som dannar utgangspunktet for verdsetting av eigedomane:
(1) Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal. Skattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader vert sett til verdet multiplisert med 0,7. Verdet av næringseigedom skal setjast til teknisk verde når det ikkje er mogleg å fastsetje verdet etter regelen i første punktum.
Synfaring
I samband med skattetakseringa vil det bli gjennomført utvendig synfaring av alle eigedomar med tilhøyrande bygg. Det er ikkje naudsynt at du som eigar er med når synfaringa blir gjennomført. Om du likevel ynskjer å vere til stades under synfaringa må du melde ifrå så snart som mogleg. Du vil då bli kontakta når det nærmar seg tid for synfaring.
Synfaringa vert utført av Verditaksering Kjell Larsen AS. Dei tilsette synfaringsressursane er kledd med gule vestar med påskriva “Taksering” på ryggen. I tillegg har dei legitimasjon som er utskrive av Sande kommune.
Dokumentasjon
Vert du bedt om å legge fram informasjon og dokumentasjon om eigedomen din skal du bruke dette skjemaet, og legge ved etterspurd dokumentasjon som vedlegg.